Lhotse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lhotse
Lhotse sett frå oppstigning til Chhukung Ri
Lhotse sett frå oppstigning til Chhukung Ri
Høgd over havet 8 516 m.
Ligg i/på Nepal og Tibet
Fjellkjede Mahalangur Himal
Koordinatar 27°57′42″N 86°55′59″EKoordinatar: 27°57′42″N 86°55′59″E
Førsteklatring 18. mai 1956, Zepp Maierl og Rolf Walter

Lhotse er eit fjell i Himalaya og er det fjerde høgaste i verda med ei høgd på 8 516 moh. Fjellet ligg i Khumbu i Nepal, like ved Mount Everest (det høgaste i verda). 18. mai 1956 vart ein sveitsisk ekspedisjon dei første som klatra til topps.

Lhotse-massivet består eigentleg av tre toppar som alle er over 8 000 meter. I tillegg til hovudtoppen, vert óg Lhotse Middle (8 414 m) og Lhotse Shar (8 383 m) som toppar, men utan den nødvendige primærfaktor som skal til for at desse vert rekna som eigne fjell. Første som klatra opp Lhotse Shar var austerrikske Zepp Maierl og Rolf Walter den 12. mai 1979, og første på Lhotse Middle vart ein russisk ekspedisjon 23. mai 2001.

Svein Gangdal blei første nordmann på toppen, i mai 2006.


Fjell med ei høgd på over 8000 meter

Everest | K2 | Kangchenjunga | Lhotse | Makalu | Cho Oyu | Dhaulagiri | Manaslu | Nanga Parbat | Annapurna | Gasherbrum I | Broad Peak | Gasherbrum II | Shisha Pangma