Makalu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Makalu
Makalu i Himalaya
Makalu i Himalaya
Høgd over havet 8 462 m.
Ligg i/på Tibet og Nepal
Fjellkjede Himalaya
Koordinatar 27°53′03″N, 87°05′20″E
Førsteklatring 15. mai 1955, Lionel Terrray og Jean Couzy

Makalu er det femte høgaste fjellet i verda. Fjellet ligg i Himalaya, 14 km aust for Mount Everest på grensa mellom Tibet og Nepal. Makalu er ein isolert topp som har form som ein firesida pyramide.

Makalu har også to mindre toppar utanom hovudtoppen. Den eine er Kangchungtse og den andre er Chomo Lonzo.

Det første forsøket på å klatre opp Makalu blei gjort av ein amerikansk ekspedisjon våren 1954. Dei prøvde å kome seg opp på sørsida av fjellet og nådde 7 100 m. Eit newzealandsk lag med blant anna Edmund Hillary som medlem prøvde også å klatre opp fjellet i desse tidene, men kom aldri nemneverdig høgt opp på grunn av skade og sjukdom. Hausten 1954 vart ein fransk tropp dei første som nådde toppen av den mindre Kangchungtse.

Hovudtoppen av Makalu blei først nådd 15. mai 1955 av Lionel Terray og Jean Couzy.


Fjell med ei høgd på over 8000 meter

Everest | K2 | Kangchenjunga | Lhotse | Makalu | Cho Oyu | Dhaulagiri | Manaslu | Nanga Parbat | Annapurna | Gasherbrum I | Broad Peak | Gasherbrum II | Shisha Pangma