Provinsen Firenze
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nasjon | |
| Region | Toscana |
| Hovudstad | Firenze |
| Areal | 3 514 km² |
| Folketal (2004) | 933 860 |
| Folketettleik | 266/km² |
| Kommunar | 44 |
| Bilnummer | FI |
| Postnummer | 50100 |
| Retningsnummer (tlf) | 055 |
| President | Matteo Renzi |
| Plasseringa til Firenze i Italia | |
Provinsen Firenze (italiensk Provincia di Firenze) er ein provins i regionen Toscana i Italia. Hovudstaden er byen Firenze. Han har eit areal på 3 514 km² og totalt 933 860 innbyggjarar (2004). Det er 44 kommunar i provinsen.
Mykje av provinsen ligg på sletta til elva Arno og store delar av han høyrer til storbyområdet til Firenze. Den nordaustlege delen av provinsen, som ligg i Appenninane er derimot langt meir urørt.
Bortsett frå Firenze er andre byar og viktige stader i provinsen Barberino Val d'Elsa, Fiesole, Greve in Chianti og Tavarnelle Val di Pesa.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Florence frå Engelsk Wikipedia .

